Skal smake ville vekster

Gratis_mat_STOR1[1]

Sunnylvsbygda grendahus er samlingsstad måndag 23. mai når Ellen Beate Wollen frå Stranda kjem for å snakke om bruk av ville vekster i mat.

Det er Sunnylven bygdekvinnelag og Sunnylven sanitetslag som har invitert Ellen Beate Wollen til å halde foredrag med bildereportasje om vekster som ein finn i naturen og som kan nyttast i mat.

Ellen Beate Wollen har skrive fleire bøker, mellom anna «Gratis mat», om 50 ville og velsmakande vekster. Her fortel forfattaren om alt frå løvetann til granskudd, om mange viltveksande planter som kan nyttast i salat, suppe, som syltetøy og krydder.

Måndag kveld frå klokka 19.00 blir det også tur ut i naturen ved gendahuset saman med Wollen for å sjå og prate, lukte og smake på litt av det som spirer og gror.

Møtet eller kurset er for alle. Ta med utekler og godt skotøy, oppmodar arrangøren. Inngangspengane på kr. 100.- inkluderer også servering.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380