Lokalnytt

Skepsis til samanslåing med Sykkylven

skepsis-folkemøte

På folkemøtet i Sunnylven kom det fram ein god del skepsis til at akkurat Stranda og Sykkylven skulle utgjere den framtidige kommunen. Sterkast målbar kanskje Svein Sporstøl denne skepsisen då han spurde korleis det ville bli oppfatta om det no kom aksjonar frå Geiranger og Sunnylven for ei  tilknytning til andre kommuner.

– Det forheld eg meg roleg til, svara ordførar Jan Ove Tryggestad og viste til at det ville vere ein lang veg å gå for bygdelag som eventuelt ønskte å bryte ut av Stranda kommune. Her måtte det i så fall gjerast ei rad undersøkingar, og spørsmålet måtte så vurderast både av kommunestyret og fylkesmannen og kanskje endå høgare opp.
– Det må altså kunne grunngjevast sakleg, og det er bygdelaga sjølve som må ta ansvar for dette, sa ordføraren.

Starta i feil ende
Inge Røyrhus meinte heile denne kommunereforma  hadde starta i feil ende.
– Vi burde ha fått regionreforma fyrst, meinte han. No måtte ein røyste på null-alternativet (Stranda framleis som eigen kommune) om ein ønskjer å kome vidare med eit anna alternativ enn samanslåing med Sykkylven, meinte han.

For smått
Både Per Ingebrigt Karbø og Øystein Ljøen meinte at ei samanslåing berre med Sykkylven kunne bli for smått. Kommunen burde  ha gått langt breiare ut før døra vart lukka, meinte dei. Stranda og Sykkylven er for like og kan ikkje tilføre kvarandre særleg meir kompetanse, meinte Ljøen.
Som svar på dette viste ordføraren til kommuner som har ganske  lik næringsstruktur, men som til dømes har utvikla sterke maritime klynger. Han viste elles  til at det ikkje er fastlagt enno om verken Stryn, Ørsta eller Volda eventuelt vil gå saman med Stranda og Sykkylven.

 Fleire spørsmål lufta
John Langeland meinte at resultatet av folkehøyringane i dei to kommunane fort kunne bli at Stranda sat att åleine.
– Då er ingen dører stengde for ein vidare prosess, understreka ordføraren.

Jeppe Jelle syntes kommunen sterkare burde ha spela inn aktuelle utbyggingsbehov dei har og viste både til Sunnylven skule og Solbakken på Stranda som presserande oppgåver.

Hassan El’ Mourabit ville ha synspunkt på om ei samanslåing av Stranda og Sykkylven  ville bety at legevaktsordninga  blei meir orientert mot Ålesund. – Det er i så fall ein lang veg for folk i Sunnylven, meinte han.
Frå administrasjonen vart det svara at ei ny felles legevaktsordning ville kunne tilføre auka kompetanse og at det framleis ville vere like mange legar i Stranda som no. – Elles har vi eit fritt sjukehusval. Fastlegane kan såleis tilvise pasientar til Volda like gjerne som til Ålesund om det ikkje er  sterke grunnar i mot dette.