Skuleelevar på skogdag

Tysdag var det skogdag for elevar frå 5. til 7. klasse ved Sunnylven skule, eit tilbod Møre og Romsdal skogselskap har til skular. Jostein Dalen, Liabygda var hyra inn som «lærar» på Hellesylt.
Elevar ved Sunnylven skule fekk ein interessant og lærerik dag om skogen. Jostein Dalen, bonde i Liabygda, men driv også skogskjøtsel og skogbruksaktivitetar var innleigd av skogselskapet og kunne sitt fag.
Dalen har vore både på Ringstad skule og Liabygda med liknande skogdagar tidlegare. I år var det berre Sunnylven skule som takka ja. – Vi likar også å vere ute i skuletimane, og når vi får tilbod om både kjekt og lærerikt opplegg takkar vi sjølvsagt ja til det, sa lærar Arne Ringdal.
Etter ein teoritime inne om dei mest vanlege treslaga ein fann i skogen, heldt skogdagen fram ute. Det var informasjon om vekseforhold for skogen, grunnstoff som påverkar veksten, vatn, lys, varme og næringsstoff i jorda. På bilhengaren som Dalen hadde med var dette tydeleg illustrert .
-Det er ting som tydar på at vi har rota det til litt med klimaet. Under bakken i Nordsjøen ligg ei klissete svart masse som vi kalla olje. Det lagar vi mellom anna diesel og bensin av som bilane brukar og slepper ut karbondioksid. Det tok fem millionar år å lage denne svarte massa av døde dyre -og planterestar.
Når vi slepper ut karbondioksid lagar det eit «tak» over jorda, sola kjem igjennom, men varmen slepp ikkje ut. Vi får klimaendringar som fører til stormar, mykje regn, flaum, og andre stader tørke. Vi slepp ut Co2 i lufta også når vi fyre med ved, men tre som veks i skogen brukar Co2, vi brukar med andre ord opp det vi sleppe ut frå vedomnen, forklara Dalen som hadde eit tydeleg slagord på bilhengaren, –Plant tre, bygg i tre, fyr med ved.
Dermed tok elevar og lærarar turen opp i skogen ovanfor Hellesylt for å plante både eitt og fleire tre. Der var også store, staute grantre som var planta tidlegare, kanskje for 60, 70 år sidan. Plantar som stod i jord av høg bonitet kunne strekkje seg 60, 70 cm. for året. Alderen fann ein ut ved å telje årringar når ein felte treet.
Med plantespettet fekk alle prøve seg på skogplanting. Der fekk små, bustete granplantar sin vekseplass tysdag, varleg plassert av unge skogsarbeidarar.
Tilbakeping: Bildekarusell frå skogdagen til 5-7 klasse – www.hellesylt.info