Sprang Ålesund maraton

Kari-Anne Tryggestad Ryste og Nils Olav Frøysa, begge Sunnylven IL deltok i Ålesund maraton som samla deltakarrekord i år.
Heile 196 stilte til start i Ålesund maraton over heil og halv distanse, 188 fullførte, melder nettstaden www.kondis.no . Kraftige regnbyger i Sunnmørshovudstaden laurdag gjorde løpet til ei litt sur oppleving for deltakarane.
Men veret hindra ikkje gode prestasjonar frå fleire, også av to deltakarar frå Sunnylven IL. Kari-Anne Tryggestad Ryste (K 45-49) fullførte heil maraton på sterke 3.32.27, nest beste tid mellom kvinner uansett klasse. Suveren vinnar vart Louise Skak, Romerike Ultraklubb, 3.08.00
Nils Olav Frøysa sprang halv maraton på 1.37.41.00 Det gav 7. plass i klasse M 50-54.