To cruisebåtar tysdag
I morgon 24. mai kjem to cruisebåtar innom Hellesylt kai.
Horizon med sine 208 meter og 1752 passasjerar om bord legg til kai 10.30 og går vidare til Geiranger 12.30.
Mein Schiff 4, 295 meter lang og med 2506 passasjerar kjem frå Geiranger til Hellesylt kl. 19.30 for ca. ein times stopp. Og dagen etter, tysdag 25. mai er det Magellan som klappar til Hellesylt kai klokka 09.00.