Lokalnytt

Treng fleire aktivitet- og opplevingstilbod

Hellesylt får122 cruisebåtbesøk i år, fleire med mange timar liggetid ved Hellesylt kai. Her Costa Pacifica frå ein tidlegare sesong som tek om bord passasjerar frå tur "over land". 9. juni er båten tilbake på Hellesylt.
Hellesylt får 122 cruisebåtbesøk i år, fleire med mange timar liggetid ved Hellesylt kai. Her Costa Pacifica frå ein tidlegare sesong som tek om bord passasjerar etter tur «over land». 9. juni er båten tilbake på Hellesylt.

Mange av cruiseskipa i sommar har fleire timar liggetid ved Hellesylt kai. Hamnemyndigheitene prøver å finne attraktive tilbod på land, men kunne ynskje seg eit større mangfald å by fram til cruiseturistane.

Det skjer noko nytt og spanande denne sesongen, fortel driftsleiar i Stranda Hamevesen KF, Inge Hole. To cruiseskip kjem for å legge til ved Hellesylt kai om kvelden for så å gå vidare morgonen etter. Både Arcadia som kjem 3. juni klokka 19.00 og Queen Elisabeth 18. juni klokka 18.00 har begge godt over 2000 passasjerar om bord.

Også fleire andre cruisebåtar har liggetid på mellom tre og fire timar på dagtid ved Hellesylt kai denne sesongen. Skipet Monarch med ca 2600 passasjerar vil ved tre anløp ligge ved Hellesylt kai i over 5 timar i sommar, fortel Inge Hole.

Leitar etter opplevingar

-Som hamnemyndigheit prøver vi å avlaste Geiranger med anløp av cruiseskip og då er det naturleg å styre mot Hellesylt. Men skal Hellesylt bli attraktiv må vi ha opplevingar å vise fram. Mi utfordring som jobbar med anløpsplan er å finne noko attraktivt å anbefale, utflukter, aktivitetar og andre servicetilbod, seier Inge Hole.

Hole synest alle små og store drypp er positive, som satsinga til familien Bonsaksen med hundeshow, utescene og andre tilbod på garden på Øvre Ljøen, og Knut Hole som har starta utleige av el-syklar. Men vi treng meir å by fram, seier driftsleiaren i Stranda Hamnevesen KF og håper cruiseturistane på dei to skipa som har «stay the night» på Hellesylt kan få minnerike opplevingar.

Trygg og god kai

-Lokale tradisjonar med musikk og dans, som barneleikarring med aktørar i nasjonaldrakter har gjort lukke før om bord på cruiseskip. Kanskje ein ny opptreden på kaia ville fenge interesse, før tur til opne butikkar og  restaurantar ut over kvelden.

Det er viktig for oss som hamnevesen å gje dei ei positiv oppleving av å kome til Hellesylt. Mannskap på skipa er i alle fall veldig godt fornøgde med kaia og den trygge tilkomsten der så det er ikkje der årsaka ligg om Hellesylt får færre anløp og skip med kort liggetid.

Strandafjellet og Norangsdalen

-Eit samarbeid om utflukter til andre deler av kommunen, til dømes Strandafjellet og Roalden kan også vere eit alternativ, ei anna utflukt er til utkikkspunktet på Ljøen før tur gjennom Norangsdalen og tilbake. Unike naturopplevingar som turistane ville sete pris på. Men også i tettstaden Hellesylt er der ting å vise fram. Hellesyltfossen er sjølvsagt eit fasinerande syn for cruiseturistane spesielt tidleg på sommaren, på Peer Gynt Galleriet og der treskurdkunst av sjeldan klasse, og Sunnylven kyrkje er verd eit besøk. Men arbeidet ligg i å gjere det kjent for dei reisande, der har det blitt jobba for lite så langt. Eg brukar å seie det slik, Geiranger lever av turisme, medan Hellesylt lever med turisme, og eg håpar at ein i framtida får nytta potensialet som ligg i cruiseturismen betre også på Hellesylt, avsluttar Inge Hole.

Sjå: http://www.cruise-norway.no/

Sjå: http://www.stranda-hamnevesen.no/

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380