Utekafé og Jentebølgje

Torsdag opnar Sunnylven sanitetslag sin årlege «utekafé» i to timar i Hellesylt sentrum. Seinare same dag går den lokale Jentebølgja.
Sal av maiblomar er eit årleg tiltak frå sanitetslaga. I Sunnylven blir det sal av merke i Hellesylt sentrum torsdag frå 14.00 til 16.00. I tillegg vil Sunnylven sanitetslag by på både rykande ferske vaflar og nylaga kaffi til rimelege prisar. Så møt opp i sentrum og støtt opp om tiltaket. Inntektene frå salet går til tiltak mellom born og unge.
Trimtur i eige tempo
Seinare same dag går den lokale Jentebølgja i ei 5. km. lang turløype etter vegen med start frå sentrum til Stadheim og retur til Hellesylt stadion. Den lokale Jentebølgja i Sunnylven er ein trimtur for jenter i alle aldrar, også for tilreisande. Ta med deg mor, veninne, dotter, eller ei tante og bli med på ein ettermiddagstur i eige tempo er oppfordringa frå arrangøren som er Sunnylven sanitetslag og trimgruppa i Sunnylven IL.