Vårtur til Gamle Kvam

Kvam

Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer til tur 4. og 5. juni til Gamle Kvam i Vang. Turen er for alle, både medlemer og ikkje, menn og kvinner.

Bygdekvinnelaget inviterer til busstur til Gamle Kvam. Frå oppmøte på Hellesylt laurdag 4. juni kl. 08.00 går turen med stor buss (ca. 50 seter) til Skei – Sogndal – Lærdal og over Filefjell til Valdres. Framme på Gamle Kvam kl. 15.00 til omvising og servering. Gunhild Kvam er med på turen som guide.

Turen går vidare same dag/kveld til Beitostølen og overnatting på Radisson Blu Resort Beitostølen.

Søndag er det heimreis over Valdresflya med stopp i Lom før returen til Hellesylt over Strynefjellet.

For medlemer av bygdekvinnelaget er prisen for heile turen kr. 600.-, for ikkje medlemer kr. 1100.- Prisen inkluderer reise og overnatting i doble rom og frukost. Omvising og servering på Gamle Kvam kjem i tillegg med kr. 250.- pr. person.

Ta kontakt for andre opplysingar og påmelding til leiar i bygdekvinnelaget, Anne Grete Hjelmeland Hole, tlf. 702 63 649 / 418 46 683, eller med Marit Hellebostad mob. 915 12 007.

Bli med på ein flott tur til Valdres. Meld deg på, men ver rask og før fredag 20. mai, dette på grunn av tinging av rom på hotellet på Beitostølen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380