Våt og kald Jentebølgje

Det vart både vått og kaldt, men litt ruskever stoppa ikkje Jentebølgja i Sunnylven torsdag.
I alt tjue unge og eldre damer, pluss to i barnevogn trassa veret og la ut på den lokale Jentebølgja, ein trimtur i eige tempo etter Bygdavegen frå sentrum til Stadheim og tilbake til stadion. Det vart både vått og kaldt før dei siste var i mål, men smil og humør var på plass.
Etter endt tur på Hellesylt stadion kunne deltakarane forsyne seg av fleire sortar frukt. Sunnylven sanitetslag og trimgruppa i Sunnylven IL er arrangørar av den lokale Jentebylgja.
Tidlegare same dag hadde sanitetslaget sal av mairoser, vaflar og kaffi i sentrum. Også denne gongen jamt godt besøk av folk som kjøpte og støtta opp om tiltaket, får vi oss fortalt.