Vatn og straum til Hellesylt kai

Veidekke og Hole Maskin AS ordnar med permanent løysing for infrastruktur til Hellesylt kai. Det heile skal vere ferdig til 20. mai.

Veidekke og Hole Maskin AS ordnar med permanent løysing for infrastruktur til Hellesylt kai. Det heile skal vere ferdig til 20. mai.

På Hellesylt blir det jobba for fullt med å føre fram vatn, straum og mulegheiter for internett til Hellesylt kai. I same grøfta blir det også lagt avløpsrøyr.

 Tilgangen til vatn og straum ved Hellesylt kai har til no vore ei provisorisk løysing. No blir det grave grøft frå fylkesvegen ved Trygg Trykk til kaia, ei grøft som vil innehalde vatn, straum, trekkerøyr for internett og avløp. Tiltakshavar er Stranda Hamnevesen KF i nært samarbeid både med Stranda Energi, kommunen og teleselskap. Veidekke og Hole Maskin, Sykkylven utfører arbeidet.

Driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole fortel at det er behov for både vatn og straum ved kaia som til no har vore ei provisorisk løysing med røyr og kablar i dagen. No blir vassleidninga lagt frostfritt, og det blir sett opp ein brannhydrant på kaia om sikkerheit. I same grøfta blir lagt trekkerøyr for internett og avløp for kloakk om det skulle kome eit servicebygg ved kaia ein gong i framtida.

Entreprenøren har møtt på ruskete grunn med mykje stor stein, men med kraftige maskiner har arbeidet gått fort framover. Og sjølv om flo sjø fyller grøfta og til tider hindrar arbeidet litt skal det meste vere lagt på onsdag 11. mai og ei god veke seinare skal alt etter planen vere ferdig, har hellesylt.info fått opplyst.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380