
Verdsarvprest Morgan Berg blir programleiar frå utescena under Hellesyltdagane i juli. Det står å lese på «dagane» si facebook-side.
Morgan Berg er godt kjent i Sunnylven. I fleire korte periodar har han vore vikarprest her, både i 2012 og året etter. I sommar har han fått jobben som Verdsarvprest, den fyrste i sitt slag der han skal tenestegjere over eit stort distrikt både i Stranda og Norddal kommunar.
Jobben som programleiar under Hellesyltdagane vil han meistre flott. Kanskje fyller tenoren frå Oslo domkor eventuelle ledige pausar med ein song sjølv.