Ville vekster og nye smakar

Ellen-Beate Wollen, journalist og forfattar av boka Gratis mat, var ein dyktig og engasjerande pedagog under fagkvelden om ville og velsmakande vekster.

Ellen-Beate Wollen, journalist og forfattar av boka Gratis mat, var ein dyktig og engasjerande pedagog under fagkvelden om ville og velsmakande vekster.

Ellen-Beate Wollen fekk ei talrik klasse til skuletimen sin om «Ville og velsmakande vekster» på Sunnylvsbygda grendahus måndag kveld.

Til saman 43 personar, mellom dei tre menn og åtte tilreisande frå Ørsta møtte fram i det tidlegare skulehuset på Hauge for å høyre Ellen-Beate Wollen lære vekk om bruk av ville vekster som mat. Etter ein «skuletime» inne trekte klassa ut til naturfag for å oppleve nokre av dei små, grøne gjennom syn og smakssansar.

Det var Sunnylven bygdekvinnelag og Sunnylven sanitetslag som inviterte til møtet. Kari Hauso Stadheim ønska alle vel møtt og gleda seg til å høyre Ellen-Beate Wollen som hadde kunnskapar om dei små plantane som var sett på som ugras.

-Som sunnmøringar er det flott at vi kan plukke dei gratis, at dei smakar godt og er godt for helsa, skjemta ho.

Hakka vekk maten

Interessa for små planter starta under eit opphald i Spania der familien budde ei tid, fortalde Ellen-Beate Wollen frå Stranda, journalist og utgjevar av fleire bøker kring emnet. Ein dag ho jobba i bakgarden med å hakke opp jord som var tilgrodd av grøne plantar kom nabokona forbi. –Hakkar du vekk maten, sa ho. Det viste seg at der var både rukkola og andre matnyttige planter, fortalde ho

Då ho og familien flytta tilbake til Stranda kom interessa for å lære og utforske ville og velsmakande vekster for fullt. Ho såg på det også som ein del av vår matsikkerheit, for vi er langt frå sjølvforsynte. Vi importerer 50 prosent av maten vår i dag.

Den nye helsekosten

I Norge har folk hatt ein kultur for å bruke ville vekster, tyttebær, blåbær , krekling, men det gode, grøne «matfatet» var langt større. Det var fullt av oksydantar, vitaminar og andre viktige næringsstoff. Ville vekster har blitt den nye helsekosten, dei er ikkje utsett for sprøytemiddel, og marikåpe, geiterams og mjødurt har eit stort innhald av mellom anna c-vitaminer. På geiterams kunne blada nyttast som te og stilken smaka som asparges, sa Ellen-Beate Wollen.

Ei anna plante der både blad og stilk kunne nyttast var ramsløk. Det var ei plante som bøndene ikkje lika så godt då beitande dyr kunne få smaksfeil på mjølka.

Ei stor og lyttande forsamling vekk nye kunnskapar om nye matkjelder frå Ellen-Beate Wollen.

Ei stor og lyttande forsamling vekk nye kunnskapar om nye matkjelder frå Ellen-Beate Wollen.

Næringsrike matfat

Det var eit mangfald artar stort nok til eit herbarium det Ellen-Beate Wollen tok med i sitt foredrag om matnyttige, ville planter. Ho omtala dei som både næringsrike og velsmakande. Marikåpe, engkarse, gaukesyre, løvetann, neslesuppe som er svært jarnhaldig, den forhatte skvallerkålen, syregras, granskot og blad av diverse tre som rogn og hegg, var nokre på det viltveksande matfatet.

-Noko av det kjekkaste med å stelle og lage ting av ville vekster er å la andre få smake, eller gje vekk eit glas av noko ein har laga sjølv. Bruk tradisjonane våre og kunnskapen om det som finst. Bruk det naturlege og set det inn i ein moderande samanheng, då få vi den fantastiske helseeffekten i tillegg, sa Ellen-Beate Wollen.

Som avslutning på ein vellukka fagkveld vart det servert neslesuppe (terningkast seks), kaffi og kaker.

Her er forsamlinga ute og plukkar smakar frå bøane ved Sunnylvsbygda grendahus.

Her er forsamlinga ute og plukkar smakar frå bøane ved Sunnylvsbygda grendahus.

Journalist Ellen-Beate Wollen, Stranda er oppteken av god mat og helse. "Det gir en egen tilfredshet å finne steder som bugner over av gosaker -, skriv ho mellom anna innleiingsvis i boka Gratis mat, 50 ville og velsmakende vekster.

Journalist Ellen-Beate Wollen, Stranda er oppteken av god mat og helse. -Det gir en egen tilfredshet å finne steder som bugner over av gosaker -, skriv ho mellom anna innleiingsvis i boka «Gratis mat, 50 ville og velsmakende vekster».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380