Artist opna Øvre Ljøen Amfi
Laurdag var artisten Egil Olsen tilbake på fjellgarden Øvre Ljøen. I det nybygde Amfiet vart det ein vel timelag opningskonsert.
Artist Egil Olsen frå Ørsta avslutta Hellesyltdagane i fjor med utekonsert på Ljøen. Laurdag kveld var han tilbake og fekk æra av å opne og innvie det nye, flotte konsertanlegget som eigarar og vertskap på Øvre Ljøen har bygt opp.
Hellesylt.info har tidlegare fortalt om storsatsinga til dei to brørne Ole Hjalmar og Magne Bonsaksen. Laurdag klaffa alt, både ver og besøk. Også det musikalske frå dei tre på scena, Egil Olsen, Kevin Steinman og Pål Solhaug fall i smak hos publikum som vart opplyst til å vere rundt hundre betalande.
Dei tre musikarane kom til Øvre Ljøen dagen før og tok turen til setra der TV-programmet Eventyrleg oppussing vart vist frå sist haust. På setra var fint både ute og inne, fortalde artisten i ein lite prat etter konserten. Og å spela på Ljøen var stort, både med ei fantastisk natur ikring, og eit flott publikum i amfiet. Han hadde blitt kjent også med arrangørfamilien og med nokre firbeinte venner på garden, både hundar og ein lama som også heitte Egil, fortalde han.
Konserten med artisten Egil Olsen var i det store og heile eigne viser. Berre eitt innslag var andre sitt verk, «I morgon» frå muskalen Annie. Konserten var av det rolege slaget, mollstemt med tekstar til ettertanke, og behageleg å oppleve slik også veret og laurdagskvelden på Ljøen var. Eit instrumentalinnslag ispedd trekkbasunen til Kevin Steinman, eitt av fleire ekstranummer gav gjennklang og beviste det fortreffelege med eit konsertamfi nettopp på denne staden.
Ole Hjalmar Bonsaksen var spent, men nøgd med frammøte på opningskonserten, sa han. I ei kort tale takka han fleire for hjelp med å bygge opp Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Han håpa på mange kjekke musikalske stunder, både seinare i år og i åra som kjem.
Og som seg hør og bør. Opning av Amfiet var med snorklipping, utført av artist Egil Olsen.