Lokalnytt

Ber om råd i kommunereforma

Utsyn frå Blomberg mot Geirangerfjorden, ein stad å vere stolt av. (Foto frå arkivet)
Utsyn frå Blomberg mot Geirangerfjorden og Friaren, ein stad å vere stolt av. (Foto frå arkivet)

I Stranda kommune har alle innbyggjarar over 16 år fått tilsendt personleg brev og er invitert til å avgi stemme i innbyggjarhøyring om kommunereforma.

-Stranda kommune ber om ditt råd i spørsmålet om kommunesamanslåing, heiter det i skrivet som føl ein folder med informasjon, mellom anna om intensjonsavtalen mellom Stranda kommune og Sykkylven kommune. Innbyggjarhøyringa gjeld om Stranda og Sykkylven skal gå saman til ei kommune, eller om Stranda skal vere eiga kommune som no.

Alle over 16 år kan delta og blir oppmoda om å røyste, helst på internett. Då går ein inn på: http://svar.bedrekommune.no og deretter skrive ein inn tildelt passord som ein finn på ein «stemmesetel» som er vedlagt i brevet. Spørsmålet ein skal svare på er kva framtidig kommuneorganisering ein ønskjer, Stranda og Sykkylven i lag, eller Stranda som eiga kommune. Der er også eit kommentarfelt for -andre tankar kring kommunereforma-.

Ein kan også avgje stemme ved å fylle ut «stemmesetelen» og levere den i valurner på følgjande stader;

Servicekontoret på Stranda

Rema 1000, Stranda

Joker, Ringdal & Co, Hellesylt

Coop Marknad, Hellesylt

Joker, Geiranger

Barnehagen i Liabygda

Svarfrist for undersøkinga er 5. juni. Meir informasjon om reforma kan ein finne på www.stranda.kommune.no

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380