Bratland leiar nyvalt Hamnestyre

Olav Bratland, Stordal vart av Stranda kommunestyre valt til ny styreleiar i Stranda Hamnevesen KF.
På møte i Stranda kommunestyre i juni vart Olav Bratland valt til ny styreleiar i Stranda Hanevesen KF. Han tek over etter Per Erik Dalen som hadde trekt seg frå leiarvervet etter val av styre på april-møtet.
For utan styreleiar Olav Bratland er desse med i det nye styret; Frank Sve nestleiar, Knut Dag Langeland, Randi Sæter, Ragnhild Kristin Ljøen Frøysa, Per Wille, Elisabeth Opsvik.