Bygdekvinner på vårtur

Nyleg inviterte Sunnylven Bygdekvinnelag på vårtur til Valdres. Kanskje kunne dei like godt kalle det sommartur, for temperaturen var på «trykkjande» på målaren.
Ikkje berre medlemer av laget utgjorde reisefylgjet. Bygdekvinnene baud også plass til andre på busscruiset til Valdres, så mellom 22 personar var også fire menn.
Reisa gjekk om Nordfjord og Sogn og hadde som hovudmål Gamle Kvam i Valdres. Eit gardstun med eit titalls bygningar, den eldste frå 1780, men framleis i god stand. Tunet og bygningane er i privat eige og er nærmast ein museumsgard der gamle ting av reiskap, klede , møblar og anna husgeråd er teke vare på.
Turen fram til den brattlente garden gjekk trykt og godt og vart interessant guida av lærar Gunhild Kvam som sjølv har sine slektsband knytte dit. På inntunet vart turfølgje frå Sunnylven teke i mot av både unge og eldre. To av dei, Kirsten og Jørgen var godt opp i pensjoniståra og hadde mykje å fortelje i tilknyting til staden og garden.
Men aller fyrst var det servering av ekte, heimelaga rjomegraut med spekemat og anna tilbehør. Slikt fell i smak hos «svoltne» sunnmøringar. Unge Jørgen Andreson Kvam hadde henta fram hardingfela si og på tradisjonelt vis spela han inn grauten. Tonane han «serverte» var lokal musikk, «Bonde» eller «Fløthaugen» kalla han slåtten. Etter måltidet var det omvising i alle husa før det igjen kom kake og kaffi på bordet.
Dei eldste husa på garden var frå 1780 fekk vi oss fortalt. Kårhuset var frå 1846, framleis i bra stand, men ikkje bebudd no. Det var ikkje dei andre husa i tunet heller og dyra var kome i anna fjøs. Berre nokre kje og høner og ein pratesam hane var igjen.
På tunet stod det framleis rundt ti hus med stort og smått, men kvernhuset og tørkestova var borte, kunne Jørgen senior fortelje. Rundt 1960 vart det bygt opp nytt tun på garden lenger nede og nærare hovudvegen der det var aktiv drift med husdyr.
I gamle dagar budde lensmannen i husa på Gamle Kvam fekk vi oss fortalt. I heile 50 år heldt lensmann Vangensten til her så det var ikkje utenkjeleg at det har vore fleire arrestantar på garden, meinte Jørgen. I alle fall hadde Gjest Bårdsen blitt halden i arrest her ei tid, hadde han lese i gamle skriv.
Sunnylven Bygdekvinnelag drog frå Kvam til Beitostølen for overnatting. Neste dag var det heimreis over Valdresflya og Strynefjellet til Hellesylt. Leiar Anne Grete Hjelmeland Hole takka fleire for ein fin tur, og retta ei ekstra takk til Gunhild Kvam for god informasjon på heile turen.