Lokalnytt

Cruisekaptein imponert over velkomst

Dansarar, korps og lurblåsarar på veg til Hellesylt kai for å ta mot og underhalde for cruiseturistane på Queen Elisabeth.
Dansarar, korps og lurblåsarar på veg til Hellesylt kai for å ta mot og underhalde for cruiseturistane på Queen Elisabeth.

Kapteinen på cruiseskipet Queen Elisabeth som kom til Hellesylt laurdag tykte dei fekk ein fantastisk flott velkomst. Aktørane får stor takk.

Då Queen Elisabeth drog frå Hellesylt tidleg søndag morgon kom losen ombord til driftsleiar i Stranda Hamnevesen med ei helsing frå den kvinnelege kapteinen. Ho ville takke så mykje for ein fantastisk velkomst laurdag, ei mottaking ho og andre om bord sette umåteleg stor pris på. Ho ba om at stor takk måtte bli formidla til alle som deltok i mottakinga med underhaldning, lurblåsarar, korps og dansarar. Det lova driftsleiar Inge Hole å bringe vidare.

Hole legg til at også dei som jobbar på Hellesylt kai synest det er stas og veldig flott når unge og dyktige underhaldningskrefter stiller opp. Dei målber ei utruleg reklame for Hellesylt og bygda, seier han. Han veit at også heile Stranda Hamnevesen synest slike mottakingar av cruiseskip er fantastisk flott.

Til neste sesong er det kome nye tingingar der cruiseskip vil ligge ved Hellesylt kai frå ein dag til neste.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380