Det skjer på Hellesylt

Fleire timar lagt cruisebåtbesøk, jubileumskonsert med Joyful og opning av kunstutstilling på Peer Gynt Galleriet. Det skjer på Hellesylt i helga.
Overnattar
Fredag 3. juni legg cruisebåten Arcadia til ved Hellesylt kai ca. klokka 15:00. Båten blir liggande på Hellesylt til neste dag klokka 05:00 i følgje anløpslista. Hellesylt Næringslag har førebudd besøket og hyra inn barneleikarringen i HUL for å underhalde med dans og musikk for turistane på kaia fredag. Leikarringen stiller i bunadar har vi fått oss fortalt. Opptreden av desse unge og danseglade aktørane har begeistra cruisegjestar ved tidlegare besøk og vil nok gjere det igjen. Fredag kan dei vente seg ei lita påskjønning for at dei stiller opp og viser fram lokal folketradisjon. Også andre opplevingar på Hellesylt vil cruisegjestane få tilbod om etter det vi forstår.
Jubilerer
Laurdag 4. juni markerer ungdomskoret Joyful 30 år. Ein ungdommeleg 30-åring inviterer til konsert og feiring på Sunnylven kyrkjelydshus frå klokka 13:00 til 16:00. Om lag klokka 14:00 får alle frammøtte høyre koret synge. Det blir tombola, sal av karbonadesmørbrød, kakebord og kaffi. Sunnylven kyrkjelydshus er avgjort vert eit besøk laurdag.
Kunstutstilling
Søndag 5. juni blir kunstutstilling med kunstnar Olav Harald Ulstein, Sykkylven opna i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Ulstein var utstillar også i 2009 der mange skaffa seg eit måleri av kunstnaren og Frp-politikaren. Motiv til bileta hentar Ulstein frå dei høge, stolte sunnmørs-tindane, også frå Sunnylven. Fjell som Helsetkopen, Fivelstadnibba og Røyrhusnibba er alle foreviga på lerret og i fargar.
Varaordførar i Stranda, Arild Ringdal står for den offisielle opninga av årets kunstutstilling i Peer Gynt Galleriet klokka 14:00. Der blir også kulturelle innslag og servering av forfriskingar.
På tur
Redaktøren reiser på tur med Bygdekvinnelaget denne helga, men hellesylt.info har gode medarbeidarar. Ikkje ei betydeleg hending skjer i Sunnylven utan at nettstaden er til stades. God helg.