Lokalnytt

Fann kvilebord ved trimpost

Frå benkebordet ved trimposten på Sætre-setra er det fantastisk utsikt til Tryggestad og vidare mot Tronstad.
Frå benkebordet ved trimposten på Sætre-setra er det fantastisk utsikt til Tryggestad og vidare mot Tronstad.

Etter bratt opptur kan eit benkebord ved ein trimpost vere like fint å få som nokre trimpoeng. Ta turen til Sætre-setra, der får du begge deler.

Tysdag la vi i veg på kveldstrim til Sætredalen, 380 meter over bøane på garden Sætra i Nibbedalen. Der er ein trimpost som gjev 8. poeng. Alt for lite etter slitet opp den bratte råsa. Eg har vore der fleire gonger før, men tysdag var lia brattare enn nokon gong, tykte eg.

Vel, eg kom då opp etter godt ein time og vart storleg overraska over det eg såg ved trimposten. Der stod å sjå til, eit flunkande nytt og stort benkebord. Utruleg kjekt å finne og eg var ikkje sein om å ta det i bruk.

Men korleis hadde dette bordet på fleire titalls, ja kanskje hundre kilo kome hit, det måtte eg finne ut. Mest truleg var det eit helikopterløft, men det var det ikkje, fortalde Asle Ringdal, busett på Sætra. Det var menneskeleg muskelkraft frå fleire som hadde bore det opp til trimposten. Rett nok i deler og deretter montert i hop, fortalde han.

Tyngste børa tok Asle sjølv og sonen Jørgen, dei hadde bore opp kvar sine beingrindar. Plankane til bordplate og til sitjeplassar hadde fleire hjelp å bere opp. Etter litt skruing var bordet ferdig og plassert like inn til trimposten med utsikt over Nibbedalen, Tryggestad og fram gjennom Langedalen. Fantastisk flott og tusen takk for kvilda på eit flott benkebord.

Ein sliten trimmar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380