Fekk applaus frå cruisegjestar
Då cruiseskipet Queen Elisabeth med 2200 passasjerar om bord la til kai på Hellesylt fekk dei hyggeleg velkomst av barneleikarringen i HUL og Sunnylven skulekorps.
Det var reine 17. mai stemninga på Hellesylt laurdag då cruiseskipet Queen Elisabeth la til ved Hellesylt kai. Eit Sunnylven skulekorps i storslag og barneleikarring frå HUL med spenstige dansetrinn fekk cruiseturistane om bord i godt humør. Det vart både jubel og mykje applaus for det dei unge aktørane framførte.
Velkomsten frå turiststaden Hellesylt starta med tre lurblåsarar, Kristin, Hege og Helge som på meisterleg vis lokka dei reisande ut til alle rekker på det store skipet. Og når Sunnylven skulekorps bles i gong med fleire marsjar vart tilskodarskaren enno større og engasjert. I marsjen «Broen over Kvai» klappa nær 2000 takta saman med korpset.
Og mindre vart ikkje klappsalvane og jubelen når barneleikarringen frå HUL inntok betongdekket på Hellesyt kai. Velkomsten vart rett og slett suksess, ei «oppskrift» som avgjort bør gjentakast ved seinare høve.
Det krev dyktige leiarar for å samle og yte innslag av det vesle Sunnylven bidrog med som velkomst til Queen Elisabeth, men det er dugnadsarbeid som byggjer samhald i små bygder. At innsatsen vart verdsatt viste to lokale bedrifter, Joker og Ole Ringdal AS som spanderte pølse og brus til dei unge aktørane etterpå.