18. juli 2026

Fekk sine vitnemål

Ferdig med grunnskulen, Brede, Malin, Gina, Julie, Inger, Birgitte, Katrine. Kontaktlærar Egil Dolmen til høgre.
Ferdig med grunnskulen, Brede, Malin, Gina, Julie, Inger, Birgitte, Katrine. Kontaktlærar Egil Dolmen til høgre.

Sju elevar hadde sin siste skuledag ved Sunnylven skule torsdag. Under sommaravslutninga fekk dei utdelt sine vitnemål for fullført grunnskule.

Rektor Torje Bjørneset hadde mange gode ord på vegen vidare då han delte ut vitnemåla til sju avgangselevar under avslutningsfesten på Sunnylven skule torsdag. Dei sju var Brede Ringdal, Julie Skjortnes Røyrhus, Gina Gausemel, Inger Ringdal Sæter, Malin Taraldset Fivelstad, Birgitte Hellebostad og Katrine Grov Øksvang.

Rektor Torje Bjørneset minte om at dei no var ferdige med grunnskulen og at ferda gjekk vidare ut i verda, ei reise han var sikker på dei ville greie godt. –De er flotte ambassadørar for bygda dykkar, sa han mellom anna og takka dei for at dei hadde vore hyggelege elevar gjennom ti år på Sunnylven skule.

Han delte ut vitnemåla og gratulerte dei alle. Det same gjorde kontaktlærar Egil Dolmen som saman med andre lærarar som har hatt klassa fekk blomar av elevane.

Rektor Torje Bjørneset til venstre og kontaktlærar Egil Dolmen stod for overreking av vitnemål til avgangselevane.
Rektor Torje Bjørneset til venstre og kontaktlærar Egil Dolmen stod for overrekking av vitnemål til avgangselevane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →