Fekk skjenkeløyve

Hellesylt Boutique & Bar vart opna til Hellesyltdagane i fjor. I tillegg til servering av bakvarer og kaffi kan kundar også få kjøpe vin og øl.

Hellesylt Boutique & Bar vart opna til Hellesyltdagane i fjor. I tillegg til servering av bakvarer og kaffi kan kundar også få kjøpe vin og øl.

Både Hellesylt Boutique & Bar og Trollbryggeriet, Liabygda fekk av Stranda kommunestyre innvilga søknadar om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk.

I Stranda kommunestyre vart det på møte i juni vedteke å gje Kvitegga AS Hellesylt Boutique & Bar skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2. Løyvet gjeld inne –og utandørs på inngjerda område fram til 30. september 2016. Vedtaket vart gjort med 21 mot 2 røyster.

Også Trollbryggeriet i Liabygda fekk serveringsløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2, og 3. Løyvet gjeld innandørs i serveringslokale tilknytt til bryggeriet og gjeld fram til 30. september 2016. Vedtaket vart gjort med 21 mot 2 røyster.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380