Lokalnytt

Flott jubileumsfest for 30-åring.

1600x-IMG_5232
Joyful under 30-årsfeiring på Kyrkjelydshuset. (Trykk på bilde for å få fram større versjon).

Det var god stemning då Joyful inviterte til 30-årsjubileum på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag 4 juni. Vel 60 personar tok turen på ein strålande junidag. Før konserten med Joyful var det tombola og sal av kaker, kaffi og karbonadesmørbrød. Joyful stilte for anledninga i nye kvite genserar med sølv-trykk.

Etter opningsnummeret «Joyful Kids» med Emilie Brekke og Veronica Øksvang som solistar, ønskte Randi Sæter, styreleiar for Joyful velkomen til festen. Ho retta ei spesiell velkomsthelsing til Elisabeth Runde. Elisabeth starta opp Joyful, då Hellesylt Barnegospel, tilbake i 1985 saman med Bjarne Sjåstad. Bjarne var dessverre forhindra frå å vere med på festen. Randi mimra tilbake til oppstarten av koret; frå øvingar på musikkrommet på skulen og frå oppsetning av «Den store Stjerna» som julespel. Fleire ting hadde endra seg sidan då både når det gjaldt dansing under songen og språket songane vart framført på.

Randi Sæter opna jubileumsfesten.
Randi Sæter opna jubileumsfesten.

Når det gjald framtida til koret såg Randi lyst på denne, sjølv om nokre av dei eldste i koret nok ville gi seg etter dette skuleåret. Ho håpte det likevel kunne vere råd å få med desse på gjesteopptreden om det var spesielle arrangement. Spesielt for Joyful var at alle medlemmane opptrådde som solistar. Dette skulle tilhøyrarane få oppleve seinare i konserten.

Koret song i to bolkar med ein liten pause midtvegs, der tilhøyrarane kunne fylle på med kaffi og meir tombolalodd. Med seg på gitar hadde koret fått Morgan Pedersen, introdusert som svenske frå Stranda.

IMG_5211
Morgan Pedersen

Fyrste bolken starta med eit gjenhør frå det tidlegaste repertoaret. Det bestod av fire songar; «Tett ved sida mi går Jesus», «Jesus eg vil gje deg min lovsong», «Som en soloppgang» med Oddbjørg Stadheim som solist og «La mine føtter få gå».

Kristin Storstein fortalde deretter litt om korleis ho kom inn i koret tilbake i 2004 og kva publikum ville få høyre vidare i konserten.

Koret forsette så konserten med «Kyrie» med Johanne Ringdal Sæter og Sigrid Imilie Røyrhus som solistar. Neste song var «Eo-Eo» med Mathilde Tryggestad Forbord og Vanja Trøen Frøysa som solistar. Deretter kom Michael Jackson sin «Earth Song» med Anna, Sara, Johanne, Sigrid Imilie, Kristine, Mathilde og Kristin som solistar. «Hele verden blir ny» avslutta fyrste bolken, og her var det Anna Storstein Forbord og Anette Solli Frøysa som var solistar.

Bildetekst: Kring 60 tok turen innom 30-årsfeiringa til Joyful.
Bildetekst: Kring 60 tok turen innom 30-årsfeiringa til Joyful.

Etter pausen framførte koret tre songar med Morgan Pedersen på gitar. Den første var «Happy” med Inger Ringdal Sæter og Kathrine Øksvang som solistar. Deretter fulgte “Vi ber til Deg” med Renate Øksvang som solist. Sara Sæther var så solist på «Du är med mig».

Joyful under framføring av "Happy".
Joyful under framføring av «Happy».

Kristine Hjellbakk Hole var deretter solist på «Engel på jord». Denne songen er skriven til ei av dei jentene som døde i den tragiske ulykka ved Bjørkelangen i januar 2014, då to jenter på hest og treningsvogn vart på påkøyrd og drept av ein bil.

«Perfect People» med Emilie Brekke, Inger Ringdal Sæter, Veronica Øksvang, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein avslutta konserten.

Som avslutning var det utdeling av blomster til gitarist, korleiarar og ei rose til kvar medlem i ungdomskoret, før Joyful framførte «Happy» som ekstranummer. Publikum takka for ein flott konsert med ståande applaus.

Anette, Sara og Kristine selde tombolalodd.
Anette, Sigrid Imilie og Kristine selde tombolalodd.

 

Anne Gausdal var ein av mange heldige vinnarar.
Anne Gausdal var ein av mange heldige vinnarar.

 

Noverande og tidlegare leiarar: Frå venstre: Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim, Randi Sæter, Hilde Lisbeth Langlo Brekke, Anita Langeland, Elisabeth Runde.
Noverande og nokre av dei tidlegare leiarane i koret: Frå venstre: Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim, Randi Sæter, Hilde Lisbeth Langlo Brekke, Anita Langeland, Elisabeth Runde.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info