Furutrerot vart sokkel til hagebord

Rota til eit stormvelta furutre har Martin Janssen gjort til sokkel på hagebordet sitt. Men både tid og krefter gjekk med for å få det heile ferdig.
Martin Janssen har dei siste åra jobba mykje med å rydde stormfelt skog på garden sin på Helset. Då har det stadig dukka opp spesielle ting som naturen har forma og som den kunstneriske pensjonisten har teke med heim i verkstaden for å lage noko av. Det siste han fann og som han tykte var både flott og spesielt var ei diger fururot. Den har no bli til sokkel på eit hagebord heime i tunet på Helset.
Men det var ingen lett jobb å få det digre beister av furua sin livsnerve til gards. I tillegg til at rota var diger så låg den velta langt inne i ei steinurd. Det nytta lite med handemakt sjølv om Martin fekk hjelp av son sin, men når traktor og vinsj vart henta og ein del stein velta vekk, måtte det vel hundre år gamle «trollet» fram.
Og det var nærmast ei trollrot, store og små utvekstar sprika i alle retningar, noko Martin såg som ei utfordring å bearbeide og pynte på. Det vart skrapa og slipt, brukt treskurdjarn og laga små utskjeringar både her og der og til slutt vart rota behandla med Benarolje. Seks liter av den impregnerande oljen gjekk med for å gjere den verbestandig.
Til topplate har Martin funne ei gamal bordplate som har vore i bruk på garden tidlegare. Kanskje er den like gamal som fururota. Spikerhol i treet vitnar i alle høve om bruk til fleire formål, kanskje både som bord og snikkarbenk. No har Martin slipa, dekorert med diverse utskjeringar og pynt før han til slutt lakka plata blank og fin. Det nye hagebordet er på plass like ved tunet på Helset, og den kunstferdig snikkar og eigar er nøgd med resultatet.