Fyrste trimm til Øv-Ljøsetra

Etter invitasjon la trimgruppa i Sunnylven IL sommarens fyrste trimtreff til Øv-Ljøsetra søndag. I alt 33 unge og eldre tok turen til TV 3-stølen.
Øv-Ljøsetra ligg på 680 meter over Sunnylvsfjorden. Etter om lag ein times gange frå Ljøen var trimmarane oppe på stølen som fekk merksemd gjennom TV3-programmet Eventyrleg oppussing i fjor haust. På stølen venta eigar Frank Bonsaksen med både nytrekt kaffi, varme på grillen og andre forfriskingar. Til og med var badestampen fylt med varmt vatn og klar til bruk.
Gjestfriheita er stor hos eigarane. Etter opphaldet og før alle tok på retur informerte Bonsaksen om kvar nøkkelen var. -Selet er til fri benyttelse og treng folk ei seng finn dei nøkkelen. Slik fekk eg meg fortalt av den tidlegare eigaren at det skulle vere, sa Bonsaksen. Han hadde tillit til folk som ferdast i fjellet. Berre ein gong hadde han mista noko i selet på Øv-Ljøsetra, det var ei flaske cognac. Under den tome flaske låg 500.- kroner med takk for god dram.
Trimgruppa trekte ut sju gevinstar mellom dei frammøtte, gjevne av Exxon Mobil. Vinnarar vart; Fredrik Fivelstad Stadheim, Lone Ringdal, Ingeborg Fivelstad Stadheim, Daniel Sæther, Kasper Ringdal, Hege Ringdal, Sara Sæther.