For 35 år sidan

GOD START PÅ LAKSESESONGEN

Ole Ringdal
Ole Ringdal

Laksesesongen i Korsbrekkelva fekk ei sjeldan god opning i år. Alt første morgonen – 1. juni – landa Ole Ringdal tre fine laksar på 8 , 6,2 og 3,8 kilo. Han fekk to av laksane i Fløtehølen og ein i Korsbrekkhølen.


Ole Ringdal fortel at den første – og største – av laksane beit på litt over klokka fire om morgonen. Den neste hadde han på ein halv time seinare og i halv seks tida var den tredje på kroken. Og Ringdal held det ikkje hemmeleg at det var på sluk og reke han fekk den fine fangsten.
Det er elles ikkje godt å seie kor mykje fisk som har gått opp i elva til no i år. Vassføringa har lenge vore svært stor. -Men no var elva fin-fin, seier Ringdal, som fortel at fiskane han fekk, nok hadde gått opp i alle fall 8-10 dagar tidlegare. Det fanst nemleg ikkje lus på dei.

Denne artikkelen var publisert i Sunnylvingen, juni 1981.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info