Lokalnytt

Godt arbeid på Postvegen

Representantar frå Fylket, entreprenør, og grunneigarane var med på visningstur etter Den Trondhjemske postveg. Alle lika det dei fekk sjå. (Foto: Ljøbrekkas Vener)
Representantar frå Fylket, entreprenør, og grunneigarane var med på visningstur etter Den Trondhjemske postveg. Alle lika det dei fekk sjå. (Foto: Ljøbrekkas Vener)

For kort tid tilbake var det synfaring av postvegen over Ljøbrekka. Arbeidet som er utført fekk mykje ros.

Arbeidet med utbedring av Den Trondhjemske Postveg over Ljøbrekka er i gong igjen med ei minigravemaskin og to sherpaer. Sist veke var det synfaring etter Postvegen. Saman med leiar i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal og Erling Ljøen frå grunneigarane var Jens Petter Ringstad, Petter Jensen og Anders Ellingsen med frå Fylket, og Erling Langset og Geir Vetti frå entreprenøren.

I fjor vart Postvegen utbetra frå fylkesveg 60 på Ljøen og nesten til Spønhaugen. Representantane frå Fylket var svært nøgde med det dei fekk sjå av arbeid, får vi opplyst. Under synfaringa vart arbeidet vidare mot Ljøsetra planlagt, eit mål Ljøbrekkas Vener håper å nå i år.

Søknader om spelemiddlar

Søknad frå Ljøbrekkas Vener om spelemidlar til utbetring av Den Trondhjemske Postveg frå fv. 60 ved Ljøen til Spønhaugen er tidlegare i år imøtekomen med 500.000.- kroner, og vidare har veneforeininga fått innvilga 1.000.000.- kroner i spelemiddlar for strekninga frå Spønhaugen til Ljøsetra.

Søknad om spelemiddlar 2016 til opprusting av postvegen frå Ljøsetra til Herdalsbrekka vart ikkje innfridd i år. Søknaden var formelt i orden og kan fornyast neste år, heiter det frå Fylket. Avslaget i år er begrunna i manglande middlar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380