Gudsteneste i Moldskreddalen

Vind og lave sommarlege temperaturar gjorde det kjøleg for kyrkjefolket på Bygdastølen søndag.

Vind og lave sommarlege temperaturar gjorde det kjøleg for kyrkjefolket på Bygdastølen søndag.

Den årvisse friluftsgudstenesta i Sunnylvs-Moldskreddalen var søndag 19. juni. Frammøte var heller dårleg.

Der var god plass på Bygdastølen då sokneprest Stein Karstensen ønska vel møtt til gudsteneste. Berre 15 personar hadde teke turen til samlinga i Sunnylvs-Moldskreddalen i år. Men ein kald nordvest-vind med lave temperaturar var vel ei naturleg forklaring på det lave frammøte. Kyrkjelyden søkte ly bak eitt av sela på stølen og gudstenesta gjekk som planlagt med klokkeringing, salmesong og preike.

Neste friluftsgudsteneste i Sunnylven er på Høgreiten under Hellesyltdagane søndag 10. juli klokka 11.00. Den er med Verdsarvprest Morgan Berg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380