Har laga strandpromenade
Ein ny tilkomstveg på badestranda på Hellesylt er på det nære ferdig, ei strandperle tilrettelaget også for rullestolbrukarar.
Det er eigar av badehuset, Hellesylt Ungdomslag ved badehusstyret som står bak nyskapinga. Tiltaket er godkjent av etatar på Fylket og har blitt eit flott utforma anlegg langs kanten av badestranda.
Frå landgangen til badehuset og inn til moloen ved småbåthamna er det bygt ein flat og brei trase. Kanten mot sandstanda og sjøen er mura av naturstein frå Tistan ved Utvik, og innanfor er der fylt med elvegrus og finare grus sponsa av Veidekke. På toppen blir det lagt profilstøypte stein med hol i. Hola skal fyllast med jord og tilsåast med grasfrø. Med tida blir det ein fast og grøn tilkomst til sjøbadet, forklarar leiar i badehusstyret, Asle Ringdal.
Det er maskinentreprenør Asle Fivelstad som har utført jobben, eit arbeid som blir kosta av Hellesylt Ungdomslag. Den 50 meter lange promenaden er fyrst og fremst tenkt som tilkomst til badestranda for rullestolbrukarar, men den kan også nyttast som opphald for alle andre.
Hellesylt Ungdomslag og badehusstyret har igjen jobba fram eit flott prosjekt, men beskjedne som leiinga er har dei ikkje planar om storslagen opning med snorklipping. Vi synest tiltaket, tanken og utforminga burde vere verd eit silkeband og nokre rosande ord.