Lokalnytt

Har måla klubbhus på dugnad

Klubbhuset på Hellesylt stadion er nymåla og godt vedlikehalde.
Klubbhuset på Hellesylt stadion er nymåla og godt vedlikehalde.

Klubbhuset til Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag på Hellesylt stadion har i juni blitt måla på dugnad.

Alle foto: Magne Brekke.

Stadionbygget frå 1998 hadde trong for eit strøk måling. Arbeidet som no er ferdig, vart gjort på dugnad. Geir Frøysa og Magne Brekke har vore dugnadsleiarar og har hatt rundt 30 personar totalt i arbeid i lengre eller kortare økter, får vi opplyst. Dei to er svært nøgde med at så mange stilte på og takkar alle så mykje.

Måling 2
Også innbyttarbenkane ved elva fekk eit strøk måling, her av Trond Tryggestad
Også innbyttarbenkane ved elva fekk eit strøk måling, her av Trond Tryggestad

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380