Har synfart kraftprosjekt

NVE har vore på synfaring og sett på fire kraftverkprosjekt i Stranda kommune. Melding om konsesjon eller ikkje kjem truleg før jul.
Brit Torill Haugen, Henrik Langbråten og Øystein Grundt, alle frå konsesjonsavdelinga for småkraftverk i NVE var i Stranda frå tysdag til torsdag for å sjå og gjere seg kjende med fire omsøkte kraftutbyggingar i kommunen.
Fyrste synfaring tysdag var Røyrhus, ei utbygging med produksjon 6.95 GWh, og seinare same dag Langedalselva kraftverk med berekna produksjon 20.40 GWh. Onsdag var det synfaring av Storfossen minikraftverk i Geiranger til 5.60 GWh. Siste tur i terrenget var Hauge kraftverk der årsproduksjonen er berekna til 15. 50 GWh.
Med på synfaring i bratt terreng og heilt inn til Haugedalsvatnet var alle tre frå NVE, representantar frå søkjaren Stranda Energi, fallrettseigarar, frå naturvernorganisasjonar, og næringssjef i Stranda.
Under synfaringa vart NVE gjort kjent med ting som ei utbygging vil berøre, som vatnforsyning til fastbuande i området, berørte sidebekkar, inntaksdam, regulering av Haugedalsvatnet og trase for røyrgate. Denne går i svært bratt terreng på deler av strekninga og vil bli vurdert endre litt ut frå planane.
Under synfaringa kom det fram ulike syn, fordeler og ulemper av ei kraftutbygging i Haugedalsvassdraget, punkt der næringsinteresser og naturvern har ulike interesser. Hauge kraftverk er av det dyraste å bygge ut av dei fire omsøkte kraftverka, men av dei med minst negative konsekvensar for naturmangfaldet. Seksjonsleiar i NVE, Øystein Grundt tykte det var positivt å registrere at fallrettseigarane var komne fram til ein samstemt leigeavtale med Stranda Energi.
Om Hauge kraftverk eller nokon av dei andre tre får konsesjon, blir truleg klart før jul 2016, vart opplyst.