Hellesylt har fått offentlege toalett

På Hellesylt var det opning av offentlege toalett fredag. Tilgangen til toaletta på Sunnylven samfunnshus er ei nyvinning for både reisande og andre trengande.
Behovet for offentlege toalett på Hellesylt har blitt omsnakka i mange år. I vår kom forslaget om ei bygningsendring for å ta i bruk toaletta på Sunnylven samfunnshus til formålet. No er jobben med ombygging gjort og dermed kunne dei fyrste trengjande gjere seg nytte av nyvinninga alt på opningsdagen.
For det er eit viktig servicetilbod som er kome på plass i ein turiststad som Hellesylt. Og toaletta vil avlaste mellom anna butikkane i sentrum som har hatt eit visst trykk av do-besøk , spesielt i sommarsesongar.
Leiar i styret for Sunnylven samfunnshus, Inge Bjørdal er nøgd med løysinga. Saman med driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole stod dei for den offisielle opninga med snorseremoni av toalettpapir pålima striper i nasjonale fargar.
Eit trekantsamarbeid har løyst ei årelang, trengjande oppgåve. Mellom samfunnshuset og Stranda kommune er det inngått avtalen som i fyrste omgang gjeld i ti år, Stranda Hamnevesen KF har bidrege med økonomiske musklar på rundt 100.000.- kroner til utbetringa, og kommune har ansvar for reinhald og innkjøp av toalettartiklar.
Toaletta er skilde frå resten av samfunnshuset med ein foldevegg som kan opnast ved arrangement, og det er sett inn ei ny dør til toalettavdelinga ved sidan av hovudinngangen.
Kapasiteten er fire toalett på damer, to toalett og urinal på herrar. På begge er der handvaskar og elektrisk handtørkar blir montert. Byggearbeidet er utført av HT Bygg Hellesylt As, sparkling og målararbeid av Rolf Matvik.