Innom 26 trimpostar på fem dagar
Klokka var 18.15 tysdag i midtsommarveka. Ut frå skogen på Hellebostad kom tre jenter, eller får vi lov å kalle dei «fjellgeiter»?
Hege Ringdal og systrene Kristine og Anniken Hjellbakk Hole har gjort unna andre dag av eit litt ekstremt trimopplegg. Tysdag var dei innom fem trimpostar frå Berga, over Liadalen, 1380 meter høge Nokkenibba, Åsenakken og innom trimposten i Hellebostadskogen.
Turen gjekk i lettskya ver med ikkje alt for høge temperaturar. Men det var fint turver og fine forhold på fjellet mot Nokkenibba. Framleis var der mykje snø, men den var god i gå i, fortalde dei tre.
No skulle dei legge ut på kveldens siste tur på sykkel til Hellesylt. Anniken er med på berre nokre dagsturar grunna jobb. Tysdag hengde ho seg på etter å ha jobba nattevakt ved Sunnylven omsorgssenter.
Det starta på måndag på sykkel til Frøysadal, Kristine og Hege hadde sett seg som mål å sykle, gå eller springe til alle 26 trimpostane til Sunnylven IL i løpet av fem dagar. Vatnedalen vart den fyrste og frå Frøysadalen trakka dei vidare på syklar til Flofjellet for å skrive seg inn i trimbøkene i Stigholen og ved Nedstevatnet. Dagen vart avslutta med kveldstrim til Fedalen, og etter det var det overnatting i telt ein stad i Bygda, fortel dei to.
Tysdag kveld var dei fleste trimpostane i Sunnylvsbygda unnagjorde, berre ein liten tur bort om Shell og kanskje på Svarthammaren før dagen var omme. Og før teltet vart rigga på badestranda skulle dei innom butikken og handle. -Då skal vi kjøpe det vi har lyst på, bedyra dei. For framleis hadde dei 18 trimpostar igjen. Vi kjem til å følgje dei spreke jentene med kamera og penn, om dei når målet å kome til Hauge på fredag ein gong.
Før det er det Ljøbrekka, sendaren på Ringdal, Fagredalen, ned til urda i Norangsdalen og på sykkel frå der og opp om Sætre-setredalen. På torsdag blir det nye trimpostar på Røyrhus og andre stader i Langedalen og så er det jonsokaftan. Den skal feirast på Lillebø heime hos Kristine og Anniken, fekk vi fortalt. Kanskje blir det noko ekstra godt frå grillen den kvelden. Og kanskje får De overnatte i ei seng inne også, slo vi fram på. Nei, det skulle vere telt også der fekk vi til svar.
Siste dag blir fredag og innom trimpostar på Langeland, Skaret, Steimsnibba og Haugesetra. Men kva med Nausane? Jau, dei gløymer nok ikkje den posten heller dei spreke jentene frå Sunnylven IL.