Jenter 09 skåra mange mål i turnering

Sunnylven Jenter 09 deltok i fotballturnering på søndag. Det vart mange mål og flest sigrar.
Sp.kl. Herd var arrangør då fire Jenter 09- lag spela turnering søndag. I tillegg til arrangørkubben stilte Sunnylven, Stranda Kvit og Blindheim.
Jentene frå Sunnylven reiste heim etter to sigrar og eitt tap i dei tre kampane laget spela. Dei skåra heile 14 mål og slepte inn 9 totalt på alle kampane. Godt kjempa, til og med straffespark mot seg redda laget sin burvaktar. Ein kjekke fotballdag vart avslutta på burgerkafé.