Knepen Quiz-siger

Quiz-laget «Under Kopen» tapte med minst mogleg margin for heimeverande Furnes-mannskap under sommar-Quizen på Peer Gynt galleriet laurdag.
Det vart «Vi som ikkje er på Furneset» som sigra i årets fyrste sommar-Quiz på Peer Gynt galleriet. Laget vann med minst mogleg margin, berre eitt poeng føre det mestvinnande Quiz-laget «Under Kopen».
Quiz-master Arild Ringdal hadde sett saman 36 spørsmål i tre omgongar med innhald han kalla «hummar og kanari». Det vart vanskeleg nok for dei fleste, men artig å delta. Og nye Quiz er planlagt.
Her er resultatlista:
Vi som ikkje er på Furneset | 8- 9 -8 | 25 |
Under Kopen | 7-11-6 | 24 |
Harrelaget | 6 -8 -8 | 22 |
Gjengen allianse | 7.5 -4.5 -4.5 | 16.5 |
Blandet drops | 5 – 5.5 – 6 | 16.5 |