Lokalnytt

Kulturskulekonsert fredag

Frå kulturskulen si sommaravslutning i fjor, eit band med frå høgre Maria Langeland, Inger Ringdal Sæter, Bertine Lade og Erik Torset.
Frå kulturskulen si sommaravslutning i fjor, eit band med frå høgre Maria Langeland, Inger Ringdal Sæter, Bertine Lade og Erik Torset.

I morgon fredag 11. juni er det sommaravslutning for elevane frå Sunnylven i Stranda kulturskule. Konserten på samfunnshuset byr på flotte og varierte musikalske innslag.

Sunnylven har mange elevar i Stranda kommunale kulturskule. Fredag kveld klokka 19.30 får alle som er glade i song og musikk eit par timar med flotte innslag av unge aktørar. Rektor Trond Otto Berg fortel at det bli framføringar på piano, fele, gitar og song, og det blir innslag med band.

Sjølvsagt er også juvelen i kulturkista, Sunnylven skulekorps med, denne gongen i lag med noko Trond Otto Berg kallar «kis» (korps i skulen). Alle elevar i 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule, i alt 16 har den siste tida fått opplæring på eit korpsinstrument, fortel Berg. Fredag kveld sluttar dei seg til skulekorpset sine 17 – 18 musikantar for å framføre to nummer i lag. –Vi har ikkje øvd i lag enno så dette blir spanande, avsluttar Trond Otto Berg.

Like før konserten fredag blir den fyrste øvinga med over 30 korpsmusikantar. Der blir det også litt servering der den lokale Sparebanken spanderer brus og pizza, har vi fått oss fortalt.

Kulturskulen si sommaravslutning på Sunnylven samfunnshus blir arrangert i lag med leiinga i skulekorpset som serverer litt å bite i for alle frammøtte. Konserten er for alle, gratis inngang og gratis utgang!!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380