Lokalnytt

Laga festivalbord på dugnad

Pause for dugnadgjengen på stabelen av nye, frå venstre Barbro Lade, Ellinor Fivelstad, Daniel Støverstein, Per Ove Frøysa, Leif Rune Tryggestad og Ottar Frøysa Hellebostad. (Foto: Ingebjørg Sporstøl)
Pause for dugnadgjengen på stabelen av nye benkebord, frå venstre Barbro Lade, Ellinor Fivelstad, Daniel Støverstein, Per Ove Frøysa, Leif Rune Tryggestad og Ottar Frøysa Hellebostad. (Foto: Ingebjørg Sporstøl)

Arrangøren av Hellesyltdagane har 20 flunkande nye benkebord klare. Ungdommeleg dugnadskraft ordna jobben på eit par kveldsykter.

Ved HT Bygg Hellesylt står 20 nye benkebord stabla, klare til utkøyring og bruk. Solide saker av impregnert materiale og sett saman av ungdommeleg gratisarbeid på fritid. Om knappe to veker skal dei utplasserast i Hellesylt sentrum og brukast av tilreisande under årets store sommarfest i bygda. Leiar i komiteen for Hellesyltdagane, Svein Sporstøl er godt nøgd. – Jobben med å lage benkeborda har spart oss for 20.000.- kroner. Vi fekk bruke lokala og utstyr til HT Bygg og ungdommen tok utfordringa. Spør heller kva som ikkje blir gjort på dugnad i denne bygda, legg Sporstøl til.

Dei 20 benkeborda er eigd av Hellesyltdagane og Hellesylt Næringslag. 15 av borda blir merka Hellesylt Næringslag og fem skal Fotballgruppa i Sunnylven IL disponere på Hellesylt stadion.

Tidlegare har bord og anna større utstyr blitt lagra i det gamle meieriet på Hellesylt. Etter ferien startar riving av bygget og lagerlokala, men Hellesyltdagane og Næringslaget har fått ordna med andre lokale for oppbevaring, opplyser Svein Sporstøl.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380