Miniturnering for Jenter 7 år.

Seks lag deltok på miniturnering for jenter 7 år på Ørskog laurdag. Mellom laga var også Sunnylven.
Miniturneringa på Ørskog vart godt arrangert på ei flott bane og vart både fartsfull og målrik. Seks lag deltok i det fine sommarveret, i tillegg til Sunnylven var Valldal, Stranda, FK Sykkylven, sp.kl. Herd og Ørskog med.
Det vart ein siger, to uavgjort og eitt tap på laget frå Sunnylven. Dei spela fire kampar på to gange tolv minutt, skåra 7 mål, og slepte inn 5 mål totalt. Flott kjempa av raude og blå jenter. «Tidleg krøkast som god krok skal bli», heiter det.