Møter Blindheim på Hellesylt stadion

Stranda / Sunnylven møter Blindheim, det nest beste laget i årets 3. div. kvinner i kveld. Kampen går på Hellesylt stadion.
Blindheim har andre plass på tabellen med 12 poeng, eitt poeng bak leiarlaget FK Sykkylven. Stranda/Sunnylven har ein siger og tre poeng så langt denne sesongen. Men det vart berre eitt-målstap mot leiarlaget tidlegare i vår, så ingen ting er avgjort før kampdomar Mevludin Ribic, VRF bles for full tid i kveld.
Møt opp og bidra som lagets tolvte spelar til siger i vårens siste heimekamp for damelaget på Hellesylt stadion.