Nest best i Blåfelden rett opp.

Kasper, Hege, Ann Kristin Flatland og Guri Wangensteen. (Foto: privat)

Kasper, Hege, Ann Kristin Flatland og Guri Wangensteen. (Foto: privat)

Sunnylven IL hadde 2 løperar til start i «Blåfelden rett opp» i Syvde i dag. Dette er eit motbakkeløp frå 0 til 842 meter over havet, og inngår også i Sparebanken Møre sin Motbakkecup som totalt består av 6 motbakkeløp.

Hege Ringdal ( 52:28.8) vant si klasse, kvinner 15-17 år. Ho vart også premiert for nest beste tid uansett kvinneklasse, kun slått av Guri Wangensteen (52:06.1) i kvinner  35-39 år med 22 sekund. Wangensteen representerar arrangørklubben Syvde IL.

Kasper Ringdal stilte til start i menn 15-17 år og kom på ein 8. plass. I herreklassa var det Sigve Høydahl frå Bærums Verk IF som vann.

Løpet gjekk under flotte forhold med sol og tørr sti.

Ann-Kristin Flatland, tidlegare skiskyttar, var der og kasta glans over arrangementet og deltok i konkurransa og på premieutdelinga.

Hege på veg opp Blåfelden (foto: privat).

Hege på veg opp Blåfelden (foto: privat).

Kasper på veg opp Blåfelden (foto:privat).

Kasper på veg opp Blåfelden (foto:privat).

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info