Opning av kunstutstilling på Peer Gynt Galleriet.

Olav Harald Ulstein framfor bildet "Formiddagssol".

Olav Harald Ulstein framfor bildet «Formiddagssol».

– Denne utstillinga er skreddarsydd og spesiallaga til nettopp å bli vist på Peer Gynt galleriet sa Olav Harald Ulstein til dei frammøtte under opninga av kunstutstillinga si søndag. Nesten alle bilda som er på utstillinga har motiv frå området.

Varaordførar i Stranda kommune, Arild Ringdal opna kunstutstillinga. Han la i si opningstale vekt på kor heldige vi var som hadde denne naturen rundt oss som Ulstein skildrar i sin kunst.  «Skaparen har vore raus med oss»  sa Ringdal.

Dette er natur som turistar reisar frå alle verdshjørne for å sjå, og kunsten til Olav Harald Ulstein står som ei hyllest til den flotte naturen som omgir oss. Ringdal avslutta med oppfordringa «kom, sjå og kjøp».

Arild Ringdal overrekte blomar på vegne av Stranda kommune til Olav Harald Ulstein.

Arild Ringdal overrekte blomar på vegne av Stranda kommune til Olav Harald Ulstein.

Kunstnaren var ikkje heilt sikker på om det var han som hadde invitert seg sjølv inn til galleriet eller om det var Galleriet som hadde invitert. I alle høve var det så lenge sidan invitasjonen, at han hadde hatt tid til å  skreddarsy ei utstilling med bilete hovudsakleg frå Sunnylven og området rundt. Dette var gjort både til ære for dei som bur på Hellesylt og og til glede for dei som kom for å sjå utstillinga seinare i sommar.

IMG_5251

Frå opninga av kunstutstilling – 05.06.2016.

Det var vel 30 personar som hadde tatt turen til opninga og det var tydleg at dei likte det dei såg. Allereie under opninga fekk to av bileta raud klistrelapp som betyr at dei er selde.

Morgan Pedersen og Kristin Storstein.

Morgan Pedersen og Kristin Storstein.

Kristin Storstein og gitarist Morgan Pedersen stod for vakker musikk då dei spela «I see Fire» av Ed Sheeran og ein norsk versjon av Joni Mitchell klassikaren “Both sides now”.

Fingermat og sprudlevatn høyrer med på opning av kunstutstilling.

Fingermat og sprudlevatn høyrer med på opning av kunstutstilling.

"Langt igjen" med motiv av Skruven var eit av bileta som vart solgt allereie under opninga.

«Langt igjen» med motiv av Skruven var eit av bileta som vart solgt allereie under opninga.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info