Quiz og cruiseskip

Litt sein start grunna storbåtbesøk, men klokka 21.00 startar sommarens fyrste quiz på Peer Gynt galleriet. (Quiz-foto frå arkivet)

Litt sein start grunna storbåtbesøk, men klokka 21.00 startar sommarens fyrste quiz på Peer Gynt galleriet. (Quiz-foto frå arkivet)

Det skjer på Hellesylt i morgon laurdag 18. juni. Fyrst kjem Pacific Princess, og klokka 18.00 legg Queen Elisabeth til ved Hellesylt kai. Tre timar seinare er det sommarquiz på Peer Gynt galleriet.

Det blir markering med både dans og musikk når cruiseskipet Queen Elisabeth har lagt til kai på Hellesylt i morgon laurdag. Både barneleikarringen i HUL og Sunnylven skulekorps har førebudd seg på besøket og vil underhalde på kaia. Skipet skal ligge på Hellesylt til dagen etter.

Sommarquiz

På Peer Gynt galleriet blir det sommarquiz frå klokka 21.00. Det blir lette og dagsaktuelle spørsmål denne gongen, og ei blanding av «hummar og kanari», seier Quiz-master Arild Ringdal. Han håper mange kjem, det er ikkje førehandspåmelding og reglane er som tidlegare med inntil seks på laget.

Med cruiseskip ved kai på Hellesylt må kanskje quiz-master lese spørsmåla på engelsk også. Det hadde i tilfelle vore flott for arrangøren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380