Regnbogen

Tysdag kom regnbogen til syne i Sunnylvsbygda. Ikkje berre ein, men i regn og sollyset kunne det skimtast også ein til med omvendt fargeprakt.
Ut frå leksikon har vi lese oss fram til korleis ein regnboge blir til. Ein regnboge er sirkelforma og oppstår på grunn av lysbrytning og refleksjon i vatndropar. Regnbogen oppstår helst når sola står lavt på himmelen, såleis oftast på slutten av dagen.
Fargane i ein regnboge er raud ytterst og fiolett innerst. Om forholda er spesielt gunstige kan det til venstre for den klaraste oppstå ein sekundær regnboge og den har større radius og omvendt fargespektrum.
Ein regnbogen blir mest praktfull når dråpane er store og lufta rein, som i bygever, står det å lese.
Det blir sagt at der regnbogen går i bakken ligg ein skatt. Vårt bilde viser Helset i Sunnylvsbygda og regnbogen går i Helsetvatnet. Det er eit godt fiskevatn.