Sigra i målrik kamp

G 11 A

G 11-laget til Sunnylven møtte Blindheim Blå på Hellesylt stadion onsdag. Ein målrik kamp enda med eittmåls heimesiger.

Sunnylven sitt G 11-lag vann 10 – 9 over Blindheim Blå i ein fartsfylt kamp på Hellesylt stadion. Laga fylgde kvarandre resultatmessig gjennom heile kampen, men då domar Ottar Hellebostad bles for fulltid kunne dei raude og blå på heimelaget juble mest.

Og det var ein svært fortent siger til eit lag som må stille med spelarar frå fleire årsklasser for å ha eit 7-ar lag. Mellom anna small det i aluminiumet tre gonger i andre omgang utan at ballen gjekk i nettet. Flott innsats, fart og til dels gode tekniske ferdigheiter sikra ein populær heimesiger på ein fin sommarkveld.

Sunnylven G 11; Framme frå venstre; Thomas, Elias, Daniel, Ørjan. Bak frå venstre; Sverre Martin, Isak, Konrad, Ådne, Olai.

Sunnylven G 11; Framme frå venstre; Thomas, Elias, Daniel, Ørjan.
Bak frå venstre; Sverre Martin, Isak, Konrad, Ådne, Olai.

G 11 C

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380