Siste finpuss for Hellesyltdagane

Alt er klart til Hellesyltdagane i juli. I ei 24-siders messeavis som kjem om litt  kan ein lese om spanande og varierte opplevingar. (Illustrasjonsfoto frå arkivet)

Alt er klart til Hellesyltdagane i juli. I ei 24-siders messeavis som kjem om litt kan ein lese om spanande og varierte opplevingar. (Illustrasjonsfoto frå arkivet)

I dag onsdag, vel to veker før dei 29. Hellesyltdagane går messeavisa i trykken. Årets arrangement frå 8. til 10. juli blir større og meir variert enn nokon gong.

Komiteen for Hellesyltdagane 2016 hadde nytt komitemøte tysdag kveld. Der vart dei siste detaljar sett på plass til det som truleg er det største sommararrangementet på Hellesylt nokon gong. Hellesyltdagane vil halde posisjonen som ein av dei fire største sommarfestar i fylket.

Folkefesten går over tre dagar frå fredag til søndag. Det startar med kyrkjekonsert og artist Trine Rein saman med ungdomskoret Joyful. Billettsalet har gått svært bra og Sunnylven kyrkje er alt halvfull fekk vi opplyst, så komiteen reknar med utselde bilettar før klokka 20.00 fredag 8. juli.

Offisiell opning laurdag

Programmet for dei to neste dagane føl god, gamal oppskrift. Laurdag blir det gratis frukost på Peer Gynt Galleriet, og rundt om i sentrum er det loppemarknad, lotteri, og tivoliet frå Skandinavisk tivolipark opnar. Dei er på Hellesylt for fyrste gong og lovar mykje spanande forlysting både for unge og eldre.

Offisiell opning av Hellesyltdagane skjer frå utescena ved rådmann i Stranda, Åse Elin Hole laurdag. Programvert for to dagar med mykje underhaldning på Ole Ringdals plass er Verdsarvprest Morgan Berg. Som medlem frå Oslo Domkantori kunne han også ha vore mellom artistane, for vi veit han har ei flott songrøyst som tenor. Vi kjem med meir frå programmet på utescena.

Nye tilbod

Å presentere alt som skjer laurdag og søndag må lesarane få gjennom den fyldige messeavisa som arrangøren gjev ut. Den kjem i 24 sider og i eit opplag på 35.000 eksemplar og går ut i postkassene til alle husstandar som ikkje har reservert seg mot reklamepost.

I avisa kan ein lese om nye innslag under Dagane som Rib-turar på fjorden, ei annleis gatevandring som går til Kurlå, og Olden-toget som køyrer gatelangs i Hellesylt sentrum. Også faste innslag som Hellesyltløpet, gudsteneste på Høgreiten, Volleyballkamp, helikopterturar, open Gamleskule, sal av rjomegraut, grillmat og hjortegryte og rekordmange stand i handelshuset er på plass. I bygda blir det World Base Race, fjellflyging frå Helsetkopen.

På kveld laurdag er det mykje underhaldning på Hellesylt med trubadur både i pub på Grand Hotell og på Peer Gynt Galleriet, og i messeteltet ved hotellet spelar Ørsta-bandet Rotlaus til svingom. Søndag kveld er det konsert i Fjellgården Øvre Ljøen amfi med Pål Angelskår og band.

Andesleppet

Andesleppet i Hellesyltfossen søndag er sjølvsagt med også i år. Sal av ender startar laurdag og held fram søndag. Nokon har sendt forespørsel om å få reservert spesielle ender som har deira lukketal. Det går ikkje, opplyste komiteen som anbefalar alle om å vere tidleg ute med andekjøp. Det kan bli stor kø ved salsbodene i sentrum då også cruiseskipet Nautica legg til ved Hellesylt kai på søndag og fleire hundre passasjerar kan bli mellom andekjøparane.

Gågate

I sentrum og spesielt mellom samfunnshuset og Ole Ringdals plass brukar det å vere eit yrande folkeliv under Hellesyltdagane. Komiteen jobbar no med ei løysing der biltrafikken til ferjekaia blir leda utanom gata her. Vi håper komiteen lukkast og at det blir gågate mellom klokka 09.00 og klokka 18.00 både laurdag og søndag.

Ansvarlege i komiteen for Hellesyltdagane 2016 er: Svein Sporstøl, Ann Kristin Langeland, Erik Torset, Ellinor Fivelstad, Ingebjørg Sporstøl, Per Ove Frøysa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380