Skal diskutere bruk av hydrogen

Hydrogen

Stranda kommune ved næringssjefen har kalla inn til møte med orientering om ordninga Klimasats og lagring / bruk av hydrogen som drivstoff.

På møte på Peer Gynt Galleriet, Hellesylt måndag 13. juni blir satsing på lagring og bruk av hydrogen som drivstoff drøfta. Det er Stranda kommune ved næringssjef Inge Bjørdal som har kalla inn i samband med at ein ynskjer å sende ein søknad til Klimasats med hovudfokus på klimavennleg transport i verdsarvområdet. Næringssjefen håper på innspel og løysingar som kan innarbeidast i søknaden.

Det er ein fordel å få innspel og drøfte saka før søknaden blir utforma, skriv næringssjef Bjørdal i innkallinga.

Fleire er kalla inn til møtet for å orientere og diskutere satsing på hydrogen som berar og eitt av framtidas viktigaste drivstoff. Kjetil Valde frå Fylkesmannen og Inge Bjørdal vil orientere om ordninga Klimasats, Lars Petter Øye fortel om hydrogensatsinga til Småkraftforeininga, og Bellona blir representert ved Jan Kjetil Paulsen. Andre på møtet blir Tommy Johnsen, Nox-fondet, Katrin Blomvik, Verdsarvstiftinga, og der blir representantar frå lokale kraftverk og frå Stranda Energi. Einar Haram frå Sunnmøre regionråd vil ta føre seg –Perspektiv på bruk av hydrogen som tiltak i energieffektiviseringsarbeidet-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380