Lokalnytt

Snart oppstart på ny postvegetappe

Tysdag er det oppstart på restaurering av Postvegen. Her arbeidslaget som kom nesten til Spønhaugen i fjor haust, frå venstre Dilli Magar, Martin Erbem og Sonam Tashi.
Tysdag er det oppstart på restaurering av Postvegen. Her arbeidslaget som kom nesten til Spønhaugen i fjor haust, frå venstre Dilli Magar, Martin Erbem og Sonam Tashi. (Foto frå arkivet)

Ljøbrekkas Vener er klare for ny etappe med restaurering av Postvegen over Ljøbrekka. To sherpaer og ei minigravemaskin startar arbeidet, truleg tysdag 7. juni.

Neste veke håpar leiaren i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal at arbeidet med utbetring av strekninga frå Spønhaugen til Ljøsætra, og seinare til Brekka kjem i gong. Når dei er framme på brekkekanten står deler av råsa på Herdalsida for tur i 2017 og 2018.

Det er same bemanning, to sherpaer og ei minigravemaskin som skal fullføre prosjektet som turgåarar deler ut lovord om. Ros som går både til dei som arbeider i terrenget og organisasjonen som står bak.

Synfaring

-Vi er glade for å få tilbake den eine av dei to sherpaene som var med i fjor, Sonam Tashi er kjent med staden og terrenget og har med seg ein ny sherpa då Dilli Magar hadde andre oppdrag. Også gravemasinkøyraren er den same som i fjor. Sist haust kom vi nesten opp til Spønhaugen på Ljøen-sida, og i år satsar vi på å få gjort resten fram til Brekka, seier Hjørungdal.

Han fortel at det i midten av juni blir ei større synfaring av prosjektet mellom anna saman med fylkeskonservator Jens Petter Ringstad til stades. Då vil dei sjå på om postveg-råsa kan leggjast utanom muren på Spønhaugen i staden for som no igjennom. Også løysingar med vatnpostar vil bli diskutert, om det kan nyttast røyr og mur berre i endane i staden for å mure heile vatnposten.

Bli medlem

I desse dagar blir det sendt ut giro for betaling av medlemskontingent. Den er kr. 200.-for personen og kr. 500.- for familiar. Ljøbrekkas Vener har 210 registrerte medlemer, berre 133 betalte medlemskontingenten i 2015. Petter Hjørungdal håper at også fleire sunnylvingar vil melde seg inn som medlemer. No er berre vel 20 personar registrert, fortel han. Kontonummer til Ljøbrekkas Vener er; 3910 46 24069.

Heile strekninga frå Spønhaugen til Ljøbrekka er kostnadsrekna til fram mot tre million kroner. Halvparten håper Hjørungdal kan finansierast gjennom spelemiddlar, men resten må foreininga skaffe til veges gjennom andre tilskot, gåver og medlemskontingent. -Vi må også køyre på med dugnadsarbeid framover, rydde einer og anna skog som veks inn til postvegen. Tid for slike dugnadar vil bli annonsert, ansluttar Petter Hjørungdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380