Sommarfest i barnehagen

Tysdag vart alle ønska velkomne til sommaravslutning i Sunnylven barnehage.

Tysdag vart alle ønska velkomne til sommarfest i Sunnylven barnehage.

Denne veka var det sommarfest i Sunnylven barnehage med underhaldning og enkel servering til alle frammøtte.

Tysdag var det fest i Sunnylven barnehage. På tunet i Trollhola var det rigga med utebord for sommaravslutning. I tillegg til born og tilsette var også foreldre og andre slektningar samla til to trivelege timar med underhaldning og enkel servering.

Underhaldninga stod sjølvsagt dei unge for der det vart mykje song. Pedagogisk leiar i barnehagen, Mariann Frøysa fortalde at dei hadde hatt eit både aktivt og lærerikt år der ungane og dei tilsette hadde hatt det fint i lag. No skulle fem slutte og starte på skule til hausten. Det tykte ho var litt vemodig, det hadde vore kjekke born som alle i barnehagen hadde blitt glade i, og ho ønska dei alt godt og lukke til i skulen.

Saman med tilsette vart det mykje gla`song på sommarfesten. Ein samlingssong var alle spesielt glade i, det var ein favorittsong der heile kroppen kunne leve med i både sprett og dans, klappe, trampe, bukke og neie. Til sist fekk alle høyre visa om dyrene i Afrika der borna imponerte stort med å kunne teksten til alle vers. Flott underhaldning og stor innsats frå unge aktørar som vart belønna med applaus.

Siste dag i Sunnylven barnehage før ferien er fredag 8. juli, og oppstart blir tysdag 9. august etter at dei tilsette har gjort unna planlegging dagen før.

Her er det underhaldning med song der dei aller fleste i barnehagen er med.

Her er det underhaldning med song der dei aller fleste i barnehagen er med.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380