Sterke i Postvegløpet

Kristine Hjellbakk Hole sprang inn til suveren siger i kvinneklassa i Postvegløpet.

Kristine Hjellbakk Hole sprang inn til suveren siger i kvinneklassa i Postvegløpet.

Sunnylven IL sine seks deltakarar i Postvegløpet med Markane IL som arrangør gjorde det knallbra. Totalt tre klassesigrar, ein andreplass og to sjetteplassar på resultatlista.

(Alle foto: Hans Hole, MMS)

14 år gamle Kristine Hjellbakk Hole går frå sigrar på ski til det same i joggesko. Nyleg viste ho alle konkurrentar ryggen i dameklassa under Konradløpet i Velledalen, og denne veka vann ho dameklassa suverent under Postvegløpet i Markane på sterke 26.51.

Sunnylven IL hadde med også fleire som gjorde det skarpt i løpet som var det fjerde i den såkalla Nordfjordkarusellen. Anniken Hjellbakk Hole vann si klasse 19 – 34 år på 27.41. Vann gjorde også Hege Ringdal i 16 – 18 år på 28.17 med Inger Ringdal Sæter på andre plass, 31.41.

Johanne Ringdal Sæter i 13-15 kom i mål til 6. plass og 38.01, og Per Ingebrigt Karbø i 50-59 år fekk same plassering og sluttid 29.46.

Sjå meir her: http://www.kondis.no/skjoelberg-sigra-i-markane.5880500-127676.html

Ei gipsa høgre hand hindra ikkje Anniken Hjellbakk Hole mye. Det vart nest beste tid.

Ei gipsa høgre hand hindra ikkje Anniken Hjellbakk Hole mye. Det vart nest beste tid.

Inger Ringdal Sæter sprang inn til andre plass i 16 - 18 føre skiskyttarkonkurrent Ingrid Gausemel, Hornindal IL.

Inger Ringdal Sæter sprang inn til andre plass i 16 – 18 føre skiskyttarkonkurrent Ingrid Gausemel, Hornindal IL.

Hege Ringdal vann i klasse 16 - 18 år på 28.17, ei av dei aller beste tidene.

Hege Ringdal vann i klasse 16 – 18 år på 28.17, ei av dei aller beste tidene.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380