LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Tettpakka Hellesyltdagar i juli

For 12. gong blir det Andeslepp i Hellesyltfossen. Mange føl spent med om rette anda kjem fyrst til "mål".
For 12. gong blir det Andeslepp i Hellesyltfossen. Mange føl spent med om rette anda kjem fyrst til «mål». (Foto frå arkivet 2015)

Det nærmar seg den 29. sommarfesten på Hellesylt. «Dagane» 8. til 10. juli er meir tettpakka med program enn nokon gong tidlegare.

Komiteen for Hellesyltdagane har programmet klart for tre opplevingsrike dagar frå 8. til 10. juli. Frå tidleg på nyåret har det blitt jobba og halde fleire møter og  no er det aller meste klart etter det vi forstår. Det blir presentert i ei messeavis som blir sendt ut i over 30.000 eksemplar.

Vi kjem med meir fyldig omtale av enkelte innslag seinare, men her er ein kort oversikt slik det er kjent så langt.

Rådmann og Verdsarvprest innhyra

Hellesyltdagane startar som vanleg med konsert i Sunnylven kyrkje fredag kveld med artist Trine Rein. Her deltek også ungdomskoret Joyful. Offisiell opning av dagane skjer laurdag frå utescena i sentrum ved rådmann i Stranda, Åse Elin Hole. Frå same stad blir det variert program både laurdag og søndag, leia av verdsarvprest Morgan Berg. Han held gudstenesta på Høgreiten søndag.

Det er eit svært fyldig og tettpakka program komiteen kan tilby for årets Hellesyltdagar. Spesielt laurdag blir slitsam for dei som vil få med seg alt som skjer.

Dagen startar med gratis frukost på Peer Gynt galleriet klokka 09.00, samstundes som loppemarknaden til sanitetslaget opnar. Ein time seinare er det «gatevandring» til Kurlå i området Åseneset.

Hellesyltløpet og fjellflyging

I sentrum går det slag i slag med handel, opplevingar, lotteri, sal av mat som grill og rjomegraut, fotoutstilling, bingo, volleyballturnering, Rib-turar frå småbåthamna, open gamleskule og helikopterturar. I Hellesyltløpet klokka 15.00 med start og mål på Hellesylt stadion er deltakarlista større og sprekare enn nokon gong etter det vi er kjent med. I Sunnylvsbygda blir det World Base Race, konkurranse i fjellflyging frå Helsetkopen.

Etter solnedgang

Når sola går ned, for den kjem nok i år også, kan ein få med seg uteliv til langt på natt, med trubadur både i Grand pub og på Peer Gynt galleriet, eller dans i festivaltelt ved Grand Hotell.

Nesten like fyldig er programmet for søndag. Den 29. sommarfesten på Hellesylt blir som vanleg avslutta med Andesleppet i Hellesyltfossen, og to timar seinare utekonsert med Pål Angelskår i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380